Magnus var onkel til spelemannen Trygve Bolstad som vil fortelje om onkelen og spele låttar han brukte.
Stian Roland presenterer songskatten etter mor til Magnus, Marit Daleng i 1883. Det er 14 songar etter ho i arkivet, teke opp i 1958.
Ho har ein særprega og rik syngemåte som fortener å kome fram i lyset.

I arkivet finn vi 19 opptak med Magnus, m.a. eit lengre intervju gjort etter den spelferd til England i 1970 der ham spelte for Dronning Elizabeth i Coventry Katedralen. På denne spelferda var og dansarane Sissel og Anders Anmarkrud og langeleikspelaren Oddrun Rudi med.
I søskenflokken på åtte vart det heile fire spelemenn. Magnus hadde låttar i tradisjon etter m.a. Ola Okshovd, Gudbrand Beito og Torgeir Solhaug og høyrde nok mykje på Embrik Beitohaugen. Han vart nummer to på landskappleik, spelte på direktesending i NRK. Magnus budde ein periode i Oslo og var då fast spelemann i Valdreslaget. Han kom attende til Fagernes og etablerte seg som tømrar der. Magnus spelte også på Valdres Folkemuseum.

I arkivet finst eit spennande opptak med Olav Moe gjort av Magnus og Knut Trøen. Sjølv om det er dårleg teknisk inneheld det svært nyttig kulturhistorisk stoff.

Hjarteleg velkomne