Dørene opnar klokka 19.00, og frå klokka 19.30 blir det servering av rykande varm kjøttsuppe til alle. For dei minste er det pølser på menyen. Det blir høve til å få kjøpt godt drikke av mange slag.

Hallingdansarane frå kulturskulen vil danse litt for oss, og dei lovar både hattespark og spreke godkarstykkje.
Etter maten blir det godt og variert dansespel. Mellom anna vil Jan Beitohaugen Granli, Magne Olav Selland, Laura Ellestad og Knut Oddvar Rogne med vener syte for drivande godt springar- og runddanslæte.

Utover kvelden blir det også sal av kaffe og kaker.
Denne festen kostar berre 150 kr for vaksne, og 100 kr for ungdom frå 8 til 18 år. Gratis inngang for alle under 8 år.

Øystre Slidre spel- og dansarlag ynskjer alle velkomne til dansefest på Tingvang!
Påmelding til Tove Grethe Kolstad tlf: 900 51628
Påmeldingsfrist er 15. april.