SMÅFOLK: «DYR OG RARE KJERRINGER»
Familiekonsert med Camilla Granlien og Jo Skaansar
Her får du viser og stubbar Camilla har henta frå songtradisjonen i Gudbrandsdalen. Det handlar om maur, rev, ein stor gris, nokre små fiskar og sjølsagt, mange rare kjerringer!
Målgruppa er 0–100 år og har du rytme i kroppen er dette konserten for deg! Her kan du både klappe med, trampe takta og synge med på songane!
Jo Fougner Skaansar er jazzbassist og komponist med mastergrad i jazzkontrabass frå Norges musikkhøgskole. Han har gitt ut albuma Den blåaste natt og Fange av mi tid, og er elles med på ei rekke plater innen jazz- og folkemusikksjangeren.
Camilla Granlien jobber som frilanssongar. Ho har hatt mange konserter og prosjekt innan alt frå barnehagekonsertar til Den kulturelle spaserstokken i tillegg til diverse solo- og band-prosjekter. Camilla har gitt ut fleire cd-ar og har mottatt prisar og stipend for arbeidet sitt som folkesongar.
Småfolk
Start: Laurdag 11. juli kl. 14.30
Slutt: Laurdag 11. juli kl. 15.30
Stad: Festsalen, Valdres folkemuseum
Pris: 200/100/gratis
SMÅFOLK: «DRA I SNORA»
Marit Steinsrud og Stein Villa held ein svært så spennande konsert for barn med dette utgangspunktet: Kva skjer når vi dreg i snora?
Småfolk
Start: Laurdag 11. juli kl. 13.00
Slutt: Laurdag 11. juli kl. 14.00
Stad: Festsalen, Valdres folkemuseum
Pris: 200/100/gratis
Kjøp billett her: