Konserten hadde premiere på Hilmarfestivalen i november,og journalister og publikum har overgått kvarandre i rosande omtale.Dei 4 fele-/hardingfeleutøvarane har alle gjesta Hallingdal ved fleire høve. Ikkje minst på Folkemusikkdagane. Både Einar Olav og Gjermund har vunne Fanitulltevlinga, og dei har hatt med seg kvar sine grupper på festivalen. Ragnhild og Eldbjørg har mellom anna spelt konsert i Ål kyrkje saman med Kvarts.

Stad: Gol kyrkje
Dato: 13. september
Tid: kl. 19:30 - 21:00