Hilme året rundt
Start: Torsdag 29. september kl. 19.00
Stad: Gapahuken ungdomshus, Øystre Slidre
Pris: 200
Billettar: https://hilme.ticketco.events/no/nb/e/bernhard_ellefsen_og_alice_gudheim_erikssonmyhrmalmstrm


Eriksson/Myhr/Malmström er ein nystarta svensk/norsk trio som spelar nykomponert folkemusikk på gitar, hardingfele og klarinett/bassklarinett. Arrangementet er ein del av Valdres litteraturfest og eit samarbeid med Hilme året rundt.

Med innslag av improvisasjon og stemmeføring basert på teknikkar lånt fra kontrapunkt, har trioen funne fram til eit nytt og spanande musikalsk uttrykk. Gitarens melodiske og stemmeførande rolle tilfører folkemusikken ein ny nyanse der hardingfela og klarinetten går utanfor sine roller som melodiinstrument og bidreg med improviserte lydbilder og akkompagnement.

«Ny svensk-norsk supertrio! Utsökt, modern folkmusik som vi vill höra mer av.» – Lira Musikmagasin

  • Thomas Eriksson – gitar, komponist
  • Helga Myhr – hardingfele
  • Anna Malmström – klarinett / bassklarinett

Same kvelden kan du møte forfattar og litteraturkritikar Bernhard Ellefsen i samtale med Alice Gudheim. Tema for bokbadet er boka Det som går tapt. Naturen som forsvinner og litteraturen som forteller om den. Om boka skriv forlaget dette: «Kloke og eggende tekster som vekker engasjement for både naturen og litteraturen – og for hva de to sier om hverandre. Bakteppet er klima- og naturkrisen, men Ellefsen er vel så opptatt av det vi står i fare for å overse i vår egen natur. Ellefsen gir oss friske blikk på både Fridtjof Nansen og Mikkjel Fønhus og samtidsforfattere som Kerstin Ekman og Lars Monsen. Han skriver også tankevekkende om Laura Ingalls Wilder, forfatteren av bøkene om 'huset på prærien'.»

  • Inngang kr 200
  • UngINN-pris kr 50 (for alle mellom 13 og 21 år)
  • Gratis for dei under 13 år
  • Arrangør: Hilme året rundt og Øystre Slidre Folkebibliotek

Konserten er støtta av Norsk kulturfond