Rundt 25 ungdommar er påmeld på instrumentkursa denne helga, om lag det halve frå kvart av dalføra. Instruktørane er Sjur Borge på torader, Herbjørn Liahagen og Jan Beitohaugen Granli på hardingfele og Oddrun Hegge på langeleik. Aldersspennet er frå 12-19 år.

Samlinga blir ein kombinasjon av gruppeundervisning og aking på dagtid og dans og sosialt samvær på kveldstid.

Det er Martin Myhr som har organisert ungdommane frå hallingsida, og han seier i ein kommentar til Hallingane som skal til Valdres at: "Lær dei korleis aking skal og bør gjerast!". Herverande nettside tvilar ikkje på at hallingane kan aka, men vi tvilar meir på det viss dei har lært det av Martin Myhr.

Kurset går på Brennabu leirskule (www.brennabu.no) og vi skal bruke den store hytta som heiter Vasettunet.

Tiltaket er støtta av Komp og Valdres ungdomslag.