Desse datoane møtast elevar frå heile Valdres i lokala til Nord Aurdal kulturskule frå kl 16 til 18. Det er gruppeundervisning og ei felles matøkt midt i timen.
Hardingfelegruppa starta alt i vår, og dei har samla cirka 8-10 deltakarar kvar gong. I sommar deltok dei med lagspel med 10 personar på Landskappleiken. Valdres folkemusikklag kjøper undervisning frå kulturskulen i Valdres, og gruppeundervisninga er såleis ein del av jobben til Jan Beitohaugen Granli.
Langeleikgruppa er ny i vår, og ulike instruktørar vil byte på å leie øvingane. Knut Aastad Bråten var første læraren, seinare vil mellom anna Elisabeth Kværne ta ien tur innom. Oddrun Hegge organiserer langeleikarane.
Aldersgruppa er frå omlag 11 til 18 år.
Samlinga for hardingfeleelevane kostar 400 per halvår. (Langeleikgruppa er førebels basert på dugnad)
Vil du vera med? Ta kontakt med Valdres folkemusikklag (post@valdresfolkemusikklag.no) eller ring Frode Rolandsgard, tlf 91197407
Kurset er støtta av Valdres ungdomslag.